Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Kinn kommune har eige dokumentsenter (arkivteneste) som mottek og behandlar all inngåande post til kommunen. Dokumentsenteret er plassert på rådhuset i Måløy og kulturhuset i Florø. Felles postadresse er lagt til Måløy. 

Kinn kommune har eit felles elektronisk sak/arkivsystem for kommuneadministrasjonen. All journalføring og administrativ saksbehandling skal skje i sak/arkivsystemet. Unntak er personsensitive saker, som etter Datatilsynet sine retningsliner skal førast i lukka fagsystem. Sjå oversikt kapittel Oversyn - Elektroniske system.

Kommunedirektøren er den øvst ansvarlege for arkivfunksjonen i kommunen (arkivforskrift § 1). Kommunedirektøren har delegert ansvaret for den daglege drifta til arkivleiar. Dokumentsenteret har hovudansvaret for å føre journalpliktig dokumentasjon i sak/arkivsystemet. Nokre av dei ulike fagområda fører journalpliktig dokumentasjon i eigne fagsystem, det vil då vere eigne systemansvarlege knytt til kvart fagområde.

Ansvaret for arkivet til føretak (KF) og interkommunale selskap (IKS) ligg hjå leiar for det enkelte føretak/interkommunale selskap. I Kinn kommune fører dokumentsenteret posten til KF Bordgleder, KF Havhesten, Kinn utdannings- og ressurssenter KF, Florø hamn KF og IKS Folkehelseavdeling, og desse har felles postadresse med Kinn kommune.

Fjernarkiva til Kinn kommune er plassert på Sæterneset i Måløy og på kulturhuset i Florø.

Kinn fellesnemnd vart oppretta 01.06.2018 og gjeld tom. 31.12.2019 (siste sakene vart først avslutta 16.04.2020). Kinn fellesnemnd er oppretta i Kinn sin database som eigen arkivdel (PMKF Postmottak - Kinn fellesnemnd), og i databasen til Flora kommune som eigen journaleining (FENEMND - Fellesnemnda for nye Kinn kommune). 

Laster...